hits

Bokåret 2013...

2013 er allereie 8 dagar gamalt, 

og mange har både gått inn for nokre nyttårsforsett og kanskje allereie kasta nokon av dei over bord... Det er ikkje så enkelt å halde alle desse lovnadene til seg sjølv.


Eg har inga store nyttårsforsett, 

ut over å ta vare på meg sjølv, 

men eg har nokre mål til dømes når det gjeld bøker og lesing.

Eg er ein bokorm, så det er ikkje vanskeleg å setje av tid til å lese, men om eg når måla mine er jo ikkje sikkert likevel. 

For det handlar om å setje seg nokre mål som ein må strekkje seg etter for å nå. 

I tillegg til at det berre er for skøy.



Men altså; noko av det eg har tenkt er:

1) lese 52 bøker i løpet av året

 

Dei 52 har eg tenkt å fordele på forskjellige sjangrar og tidsepokar.

Difor skal eg:

2) lese minst 2 norske klassikarar

3) lese minst 1 utenlandsk klassikar

4) lese minst 2 barnebokklassikarar

5) lese minst 3 svenske bøker - på svensk

6) lese minst 4 e-bøker

7) lese minst 2 nyare barnebøker

8) lese minst 2 nyare norske bøker for vaksne

9) lese minst 3 nyare utenlandske bøker, 

1 av dei på engelsk

10) lese minst 4 bøker på nynorsk.


Det er bare 23 bøker det, 

utan å tenkje på at eg kan kombinere nokre mål

(ny norsk bok på nynorsk t.d.)


Nokre bøker har eg allereie plotta inn, dei ligg berre og ventar på å verte lest, og nokre får eg "gratis" , sida dei er pensumbøker og må lesast, men det blir jo litt å strekkje seg etter likevel det her. Om eg ser at det går bra, kan eg jo føye til nokre nye mål i løpet av året. :-)

 

Har du nokre lesemål for 2013?

2 kommentarer

fruensvilje.blogg .no

08.01.2013 kl.21:24

Det var litt av en liste,lykke til :))

Nå er ikke jeg så veldig bevandret i bokverden bortsett fra pocketserier :))men jeg er medlem i tanum boklubb fram til april da melder jeg meg ut,jeg ser jo att månedens bok ofte kommer til halv pris etterpå så det er billigere å ikke være medlem :))

Jeg tenkte jeg skulle ha den neste månedsboka,selvfølgelig husker jeg ikke hva den heter,men det er en roman.Jeg får heller publisere den når jeg får den i postkassen :)

SigridfraEnget

08.01.2013 kl.23:14

fruensvilje: Noko å strekkje seg etter er bra, trur eg, og som komande norsklærar må eg jo ha nokre bøker å føreslå... Eg kjøper dei fleste bøker på tilbod; nye bøker til full pris er dyrt...

Skriv en ny kommentar

SigridfraEnget

SigridfraEnget

47, Nærøy

Har vært gift med samme ektemann i 27 år, og vi har 3 "barn"; på 18, 23 og 26 år. Startet denne bloggen etter et møte med veggen, men blogginga ble nedprioritert da jeg begynte på lærerutdanning etter fylte 40. I dag er jeg norsklærer ved en videregående skole - noe som tar mye av tida mi. Jeg prøver å få tid til andre hobbyer, som foto og lesing, og innimellom kommer det noen innlegg her på bloggen - for det meste om bøker... Bildene jeg bruker på bloggen har jeg stort sett tatt selv; og de er mine. Spør om det er noen du har lyst til å låne...

Kategorier

Arkiv