Sjølvtilfreds...

I dag er eg godt tilfreds med meg sjølv og eigen innsats. Det burde ein kanskje ikkje vere...? Det er vel ikkje heilt bra å seie at ein er nøgd med seg sjølv. Eller?

Eg bryr meg eigentlig ikkje så mykje om det er riktig, skal eg vere ærleg. Ikkje i dag, i all fall. :-) For det er godt å vita at eit halvt år med mykje arbeid har betalt seg med gode karakterar. Eg snakkar om eksamenskarakteren i norsk. Eg skreiv ein analyse av ei bok eg ikkje likar(!), og fekk ein B! Då eg gjekk på vidaregåande sleit eg med analysar, fekk dei aldri til, og no har eg skrive ein analyse på eksamen og klart å få ein bra karakter med. Er det rart eg er kjempefornøgd? :-)

Å lukkast er ei god kjensle - så får de bere over med meg at eg sit her og skryter. ;-)



Ha ein fin kveld!

Én kommentar

fruensvilje

10.01.2013 kl.21:30

Synes du har lov til å skryte,det er kjempeflott å få gode karakterer etter å ha jobbet hart :)gratulerer det var deg vel undt

Skriv en ny kommentar

SigridfraEnget

SigridfraEnget

46, Nærøy

Har vært gift med samme ektemann i 26 år, og vi har 3 "barn"; på 17, 22 og 25 år. Startet denne bloggen etter et møte med veggen, men blogginga ble nedprioritert da jeg begynte på lærerutdanning etter fylte 40. I dag er jeg norsklærer ved en videregående skole - noe som tar mye av tida mi. Jeg prøver å få tid til andre hobbyer, som foto og lesing, og innimellom kommer det noen innlegg her på bloggen - for det meste om bøker... Bildene jeg bruker på bloggen har jeg stort sett tatt selv; og de er mine. Spør om det er noen du har lyst til å låne...

Kategorier

Arkiv

hits